tirsdag 31. juli 2012

Christina`s energibar

Denne energibaren har eg som regel i hus og er nærast blitt min "venn i nøden" :) Når trøtte ungar byrjar å dryga seg i 1700 tida og mor er i manko på søvn frå natta før, blodsukkeret er lavt og framleis er det ei lita stund til kveldstellet.... då gjer eit stykke, eller to, med energibar, underverker :) Viss du i tillegg toppar det med ein stor koffeinrik kaffekopp attåt, då skal du være sikker på at energilagra får seg eit sikkeleg boost! :) Her er det ikkje snakk om noko placeboeffekt; dette funkar!

Energibaren er eit sunnare substitutt for sjokolade, og smakar fortreffeleg etter/undervegs ein tur i marka eller ei treningsøkt. Send den gjerne med småtassane i barnehagen når dei har turdag. 



Ingrediensar

250g peanøttsmør
250g flytande honning
100g puffa havre
200g  tørka frukt
200g nøtter
100g kokosmasse
2 ts kanel
2 ss rapsolje



Bruk det du har av tørka frukt og nøtter. Av frukt har eg brukt tørka aprikoser, svisker, mango, papaya og ananas. Nøttene er pekan-, para-, pistasje- og valnøtter og pinjekjerner.




Bland saman honning og peanøttsmør i ein stor kasserolle, på låg varme til blandinga er lunka.



Tilsett kanel og rapsolje



Mål opp puffa havre og kokos og tilsett dette i kasserollen.



Grovhakk nøttene med ein kjøkkenkniv og hell opp i blandinga.



Til slutt blandar du inn hakka frukt i kasserollen.



Oppbevar energibaren i kjøleskåpet eller frysaren og skjær serveringsstykke etter 
behov. 



Håpar dette gjev deg ny energi! :)










2 kommentarer:

  1. Utrolig god oppskrift, brukte den i skoleoppgave og fikk kjempebra! Anbefales virkelig, kjempelett å lage :)

    SvarSlett
  2. Så gøy at energibaren kunne vera til nytte i skulesamanheng :) Tusen takk for hyggeleg kommentar :)

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)