fredag 5. oktober 2012

Bursdagstips- Heimelaga modellkitt


Haust er synonym med bursdagstid her i huset. Då er det ikkje like aktuelt med utebursdag som for dei som har bursdag om sommaren.  10-15 barn med mykje sukker innabords kan lett føre til ein del ”springing” og ”herjing”. For at dette ikkje skal ta av kan det vere lurt å ha planlagt nokon aktivitetar til dei små på førehand. Kjekt om dei voksne også er med og leikar litt.

Å modellere med modellkitt er noko små barnehender er gode til. Spanande å bruke den kreative sida si og lage morosame ting i saman. Med 20-30 barnehender samla samstundes kan det lett bli rot i hop med fargar og alt blir blanda til ein stor fargeklump. Då har eg eit tips. Lag modellkitt sjølv! Dette er mykje billigare og det gjer ikkje noko om alt blir blanda. Då lagar ein nytt!

Å lage modellkitt er enkelt og greitt å få til. Tar deg knappe 5-10 minuttar å forberede og lage. Sørg berre for at du har sitronsyre tilgjengeleg. Dette kjøper du i vanleg daglegvarebutikk. Står ved sida av bakevarene.  Her er ei oppskrift som fungera veldig bra. Skal det berre brukast til nokon få barn ville eg halvert oppskrifta.


Oppskrift

5dl vatn
litt konditorfarge
2ss soyaolje

5 dl kveitemjøl
1 dl salt
1,5 ss sitronsyre



Start med å måle opp vatnet saman med litt konditorfarge. Brukar du Willton sine fargar er det svært lite som skal til. 





Hell det i ei gryte og  varm opp.



Mål opp mjøl, salt og sitronsyre. 











Hell dette over i konditorvatnet som etter kvart har byrja å bli varmt. (Det treng ikkje vere varmt før du har mjølblandinga oppi). Rør heile tida, gjerne med ei tresleiv. Plastsleiv kan lett knekke.





Først blir det mange små klumpar som etter kvart blir til ein stor klump. Dette går fort. 





Legg så det ferdige modelkittet til avkjøling på ein tallerken etc.





Når den er avkjølt kan du kna det mjukt og fint før du legg det i ein brødpose i kjøleskåpet. Då held modelkittet seg i vekevis.







Håpar dette var til hjelp til neste bursdag?!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)