tirsdag 23. oktober 2012

Müsli/ frukostblanding



Ein fiberrik frukost har positiv innverknad på blodsukkeret  heile dagen. Eit jamnt blodsukker gjev meir overskudd, betre humør og prestasjon og mindre søtsug. Å lage frukostblandiga si sjølv er både enkelt, raskt og ikkje minst veldig godt! Dei du får kjøpt i butikken inneheld ofte mykje sukker og salt. Lagar du denne müslien har du full kontroll på innhaldet.

Ingrediensar

100 g hasselnøtter
50 g mandlar
250 g havregryn
75 g solsikkefrø
35 g sesamfrø
3 ss planteolje (linfrø-, raps- eller solsikkeolje)
6 ss honning



 Finn fram og mål opp ingrediensane.



Hakk hasselnøtter og mandlar



Varm honning og olje på låg varme i ein kasserolle til honningen er smelta. Ha dei tørre ingrediensane opp i og bland godt.   



Smør blandinga utover to steikebrett med bakepapir. Steik i to etasjar i varmluftsomn på 140 grader i ca 35 min. Rør litt undervegs i steikinga. Steik til frukostblandinga er sprø og gylden. Avkjøl på bretta.



Oppbevar müslien i lufttett boks/ glass. 
Smakar godt saman med (syrna) mjølk eller yoghurt naturell, toppa med friske bær eller rørt syltetøy. Prøv den også i smoothien; mmm... kjempegodt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)