
Skotske og irske immigrantar tok med Halloweenfeiringa til Amerika, men allereie då hadde feiringa mista litt av sitt tradisjonelle preg og blitt meir lik tradisjonen me kjenn i dag.
Eit aspekt med Halloween er tradisjonen med å lage graskarlykt; gjerne saman med borna. Dette er ein artig og spanande aktivitet som du kan gjere saman med borna i helga.
Graskar får du kjøpt i dei fleste daglegvare- eller blomebutikkar. Du finn dei i ulike storleikar; det me valde var rundt 3 kg.
Teikn ansikt med tusj på graskaret. Du finn mykje inspirasjon til ulike typar uttrykk ved til dømes å google "pumpkin templates"
Skjær av lokket/ toppen av graskaret.
Ta ut innmaten; gjerne med ei isskei.
Kjøt og kjerner kan brukast til å lage til dømes pai, kake eller suppe.
Skjær ut ansiktet med ein liten kniv. Då er alt klart til å sette lys inni :)
Ivrige born er med på å tenne lys og ventar på at mørkret skal senka seg...
Stemningsfylt Halloweenlykt :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)