fredag 26. oktober 2012

Speltbrød med tranebær

Ikkje noko er så godt som heimebakt! Ulike mjølsortar, frø, nøtter, tørka frukt og bær gjev sunt brød med mykje smak. 


Ingrediensar

2 dl speltflak/ havregryn
5 dl sikta speltmjøl
1 dl linfrø
1 dl tørka tranebær
1 dl rosiner
1 dl heile hasselnøttkjerner
2 ts natron
1 ts salt
4 dl skumma kulturmjølk
1/2 dl honning




Finn fram og mål opp ingrediensane



 Bland alle dei tørre ingrediensane og rør inn mjølk og honning.



Hell deigen i ei smurt brødform på ca. 1 1/2 liter. Glatt til overflata. Steik brødet i omnen i ca. ein time. Kvelv det over på rist til avkjøling.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)