søndag 7. oktober 2012

Komle med kålrabistappe

Komle er ein middagsrett som òg er kjend som raspeball, potetball, klubb eller kompe. Her på Vestlandet er det mange restaurantar som på tradisjonell vis serverar komler på torsdagen. I "gamledagar" var torsdagen handledag for mange. På dei fleste vekedagane hadde butikkane berre ope til kl 16.00, men på torsdagen var opningstida utvida til 18.00 eller 19.00. Restaurantane lokka då slitne handlarar med freistande rimeleg og kanongod middag; nemleg komler. Tida har endra seg og no kan du handla mat kvar dag veka rundt. Du kan også kjøpe ferdiglagde komler, men heimalagde er alltid best :)

Ingrediensar 

(4 personar)

Komler
750 g rå potet
350 g kokt potet
2 ss kveitemjøl
3 dl byggmjøl
1 ts salt

Kålrabistappe
1 stk kålrot
1 stk gulerot
2 stk poteter
1,5- 2 dl fløyte
1 ts salt
pepar
evnt. 0,5 ts muskat


Tilbehør
Salta lammekjøt, salt/ røykt svineknoke, eller hamburgerrygg, bacon, pølse, kokte gulrøter og kålrabi, sirup, sukker, surmjølk



Komle

Skrell og riv dei rå potetene på råkostjern eller i ein foodprocessor. Riv eller mos de kokte potetene og bland saman med rå poteter, mjøl og salt. Både dei kokte potetene og kveitemjølet gjer komlene mjukare og lysare enn om dei berre vert lagde av rå poteter og byggmjøl.















Kok opp kraft frå salt kjøtt, buljong eller lettsalta vatn. Lag komlene med ei skei og ha dei i den kokande krafta. Kok ein prøve for å sjå om deigen er fast nok. Krafta må koke når du legg komlene i. Komlene skal småkoke i 30-40 minuttar. Del ei komle for å sjå om den er ferdig. Den skal ha jamn konsistens og farge heilt igjennom.



Kålrabistappe

Fjern skalet av kålrabien, gulrøtene og potetene, del opp i bitar og ha det opp i ein kjele. Kok bitane møre i godt salta vatn. Mos inn smør, fløyte og muskat. Smak deretter til med salt og pepar.








Server komlene med det tilbehøret du måtte ynskje; godt smakar det uansett :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)