tirsdag 2. oktober 2012

Nudelwok a`la ”Frøken og Fru”.


Sidan me driv matblogg, ber me ofte om vener og kjente kan tipse oss om gode oppskrifter. Svigerinne, Ingeborg er ei av dei som er flink å koma med tips. Når det plingar inn ein link på mobilen som eg bør sjekke ut, blir eg glad:). Alltid kjekt når folk er villige til å dele.

Når eg skulle lage middag i dag kom eg til å hugsa på ein link som nettopp Ingeborg gav meg for ei stund sidan. Linken var til bloggen ”Frøken og ”Fru” eller ”Snikkerbuo” som dei tidligare kalla seg.  Dette er ein blogg driven av to kjekke Stordadame der den eina er gift med ein Austevolling:).  Dei skriv om mykje spanande, så det er absolutt verdt å ta eit besøk innom bloggen deira:).  Takk ”Frøken og Fru” for inspirasjon til dagens middag og til snille Ingeborg som tipsa.  Retten har eg  sjølvsagt kalla opp etter bloggen deira;  Nudelwok a`la ”Frøken og Fru”.


 


No er da slik at eg tok det eg hadde av ingrediensar og dermed blei det ei forenkla utgåve av rettens opprinning. Neste gang skal eg kjøpe inn alt og lage det slik Stordadamene  gjer det. 


Oppskrift


1 karbonadedeig

2 pakkar nudlar
½ raud paprika
½ grøn paprika
½ brokoli
½ squash
½ pose cashewnøtter


Skjær grønsakene i strimler, steik desse lett på panna saman med litt olje.  




Steik karbonadedeigen og smak til med litt salt og pepar. 




Kok nudlane som anvist på pakken. 
Bland alt saman i ei gryte eller wokpanne.  
Ha nøttene i rett før du skal servere. 




Vips så var det middag på 15 minuttar. 

Server gjerne med godt brød.



Her er linken til bloggen, "Frøken ogFru"  og inspirasjon til dagens oppskrift.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)