mandag 7. mai 2012

Bestemor Marta`s karbonader


Karbonadekakene til bestemor, Marta, er det mange som har etterspurt oppskrift på.  Dei er rett og slett knallgode og verdt å prøve. Så gode at dei var ein av smårettane, Marta, hadde som nattmat i bryllaupet sitt. Skal ikkje nemne namn, men at enkelte åt 6-7 stk. er ingen hemmeligheit;o) 

Karbonader kan brukast som ein del av koldtbord eller tapasbord. Andre tips er å servere dei med potet-/ fruktsalat eller til kvelds med speilegg attåt :o)
 Ber ein til selskap der ein serverar sjømat og skaldyr er det ofte ein eller annan som ikkje toler eller likar dette. Då er karbonadekaker veldig greie å ha som ein tilleggsrett.







Ingrediensar
1 pk kjøttdeig
2 pk karbonadedeig
2 ss toppa potetmjøl
1 ts pepar
1,5 ts salt
ca. 5 dl vann
1 buljongterning (kok opp med vatnet og avkjøl)
2 egg
1 løk (raspa)


Kvardagstipset!
Å spe ut karbonadedeigen med havregryn, brødsmula, kokt ris, couscous, rivne grønsaker- som t.d gulrøter og squash, er ein fin måte å drøye karbonadedeigen på.


Bland alle ingrediensane (forutan buljonvatnet) i ei kjøkkenmaskin med eltekrok for kjøtt.
Spe på med væske, slik at farsen blir passeleg fast. Steik ein "prøvekarbonade" for å sjekke om konsistensen er riktig.

Farsen bør stå min. 15 min., men kan også stå i kjøleskåpet natta over.



Form farsen til den storleiken du ynskjer karbonadane. Veldig greit å forme dei med ei stor spiseskjei og trykke dei litt "flate" slik at dei er lettare å få gjennomsteikt.



Steik karbonadane i smør, i nokre minuttar på kvar side.



Serveres med ein gong eller frys dei og ha dei på "lur" til anledningen byr seg :o)

11 kommentarer:

  1. Det ble nydelige karbonader, en ny favorittoppskrift i heimen ;-)

    SvarSlett
  2. Å så kjekt at du likte karbonadane og tusen takk for varmande kommentar :)

    SvarSlett
  3. Ingrediensar
    1 pk kjøttdeig
    2 pk karbonadedeig
    1pk er det 400gram ?

    SvarSlett
  4. Hvor mange karbonader gir denne oppskriften? Sånn ca? :)

    SvarSlett
  5. Ca. 30 stk, avhengig av størrelse. Lykke til :)

    SvarSlett
  6. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  7. Takk for en kjempe god oppskrift på saftige og deilige karbonader.
    Denne skal jeg nok skrive ned og fortsette å bruke :D

    SvarSlett
  8. Denne oppskriften skal jeg prøve i dag. Blei sulten bare av å se bildene.😀

    SvarSlett
  9. Kjempegode karbonade.Jeg bruker 1ts.bakepulver i deigen,da eser de ut litt.

    SvarSlett
  10. 1 teskje pepper på 1,5 kg deig?? Og like lite salt. Dette var da fryktelig lite med krydder for så mye kjøtt?

    SvarSlett
    Svar
    1. Er mye smak i buljongen(og salt) som skal i, så oppskriften er helt sikkert rett 🙂

      Slett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)