tirsdag 30. oktober 2012

Graskarpai/ Pumkin pie

Her om dagen då me laga Halloweenlykt, sat me att med mykje innmat frå graskaret. Hmm... Kva skulle me lage av innhaldet? Etter å ha googla graskaroppskrifter på nettet, falt valet på den populære "pumkin pie" som dei lagar "over there". Må sei eg var veldig spent på om paien falt i smak...; det gjorde den heldigvis. Pappa som er litt skeptisk til "nye" ting og smakar meinte faktisk at graskarpaien var "rasande god" ;)
Så dommen er klar: "Lagar du graskarlykt til Halloween, anbefalar me deg også å lage ein deilig, smakfull graskarpai!"


Ingrediensar


Paibotn:
Ca. 1 kg greskarkjøt
180 g kveitemjøl
1/2 ts salt
1 ts sukker
120 g smør, kaldt i terningar
Ca. 2 ts iskaldt vatn

Fyll:
100 g brunt sukker
1 ts kanel
1/2 ts malt ingefær
1/2 ts salt
1 knivsodd malt muskatnøtt
3 egg
3 1/2 dl Vikingmjølk


Skjær graskarkjøtet i mindre bitar og damp det maurt i ein dampkjele eller kok det i vatn i 15- 20 minuttar. Avkjøl.




Lag paideigen ved å ha kveitemjøl, salt, sukker og smør i ein foodprocessor og kjør til smøret er smuldra opp. Tillsett vatnet og kjør akkurat til deigen er sludrete. 





 Press deigen saman til ein klump og pakk den inn i plastfolie. La den kvile i kjøleskåpet i minst 1 time.






Lag fyllet ved å ha det kokte graskarkjøtet i ein foodprocessor saman med resten av ingrediensane til fyllet og kjør knivane rundt til alt er godt blanda.
















Smør ei paiform med smør eller olje. Trykk deigen utover i forma og opp langs kantane. Prikke botnen med ein gaffel. Sett forma tilbake i kjøleskåpet i 20 minuttar. 





Sett omnen på 190 grader. Lag ein runding av eit bakepapir som passar ned i paiforma pluss oppover kanten. Legg det ned i paiforma og fyll det med tørre erter eller liknande. Steik botnen på nederste rille i 15 minuttar. Ta ut ertene og bakepapiret. Senk varmen til 180 grader og steik botnen vidare i 15 minuttar.




Ha fyllet opp i det forsteikte paiskalet og sett paien tilbake i steikeomnen. Steik i ca. 45 minuttar.





Avkjøl paien på rist. Server gjerne med ein raus klatt krem eller is. 




1 kommentar:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)