mandag 20. august 2012

Grove rundstykker med brunost

Nybakte, lunka, grove rundstykker med brunost smakar utrulig godt. Gjer du forberedelsane kvelden før og set rundstykkene til kaldheving over natta,  kan du servere fersk bakst til frukost.
Ingrediensar
1 kg grovbakstmjøl
2 ss margarin eller olje
2 ts salt
2 ts sukker
1 pk tørrgjør (eller 50 g fersk gjær)
6 dl vatn


Ha mjøl, sukker og salt i bakebollen. Held igjen litt mjøl til justering av deigkonsistens. Tilsett tørrgjær og bland godt (ved bruk av fersk gjær blandar du gjæren i litt av vatnet). Tilsett margarin/ olje og kaldt vatn og elt deigen godt i ca. 5 minutter.
Tips: Tyggegummitesten er ein enkel måte å sjå om deigen er ferdig elta på. Ta ein deigklump og rull den i handa og strekk den ut. Kan du strekkje den uten at den bristar, er deigen ferdig elta.
Kjevle ei rektangulær leiv og del den på langs.





Ha brunost på den eine sida av leiva og skjær like stykkjer på langs. Ha den andre halvdelen med deig oppå brunosten. Kvitost og skinke smakar også godt som fyll i rundstykkene.




Legg rundstykkene over på ei smurt steikeplate tildekka med plast og sett dei i kjøleskåpet natta over. Ta emnene ut av kjøleskåpet og la dei heve til dobbel storleik, 1- 1 1/2 time. Det er viktig at baksten har fått romtemperatur før den blir sett i omnen, så la dei stå ei stund sjølv om heveprosessen har starta i kjøleskåpet. Pensle rundstykkene med egg og steik dei på over- og undervarme, midt i omnen, på 225 grader i ca 12. minutter.




Mmm... god frukost!


1 kommentar:

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)