fredag 3. august 2012

Pizzahorn

Prøv desse gode pizzahorna i helga og du vil hauste stor applaus :) 


Ingrediensar


Grunndeig:
12 dl kveitemjøl
80 gr smør
1 ts sukker
1 ts salt
50 gr gjær
1 egg
4 dl mjølk

Fyll:
1 pk karbonadedeig
1 pk pizzafyll



Bland dei tørre ingrediensane saman, i ein bakebolle. Held igjen litt av mjølet.




Spe på med fingervarm væske. Dersom du nyttar ferskgjær er det ikkje nødvendig å løyse den opp i melka; du kan like gjerne smuldre den opp i bakebollen, så gjer kjøkkenmaskinen resten. Elt deigen i ca. 10 minutter. Juster evnt. med mjølet undervegs. Å elte deigen lenge er alfa og omega for å få eit godt resultat. Glutenet i mjølet endrar seg og gjer til at deigen vert lettare å jobba med, smakar betre og smular mindre.




Del smøret i terningar og ha det opp i bakebollen. Ved å elte smøret inn på denne måten får du ein deig som er smidig og enkel å jobba med; i tillegg får du ein utrulig luftig og velsmakande bakst.




Deigen er ferdig elta etter ca. 15 minutter og skal då vera smidig og ha ei blank overflate. Sett den til heving, tildekka med plast eller lokk, på ein lun plass til omtrent dobbel storleik, ca. 45 minutter.




Lag pizzafyllet. Begynn med og steike karbonade- eller kjøttdeig. Pøs på med hakka lauk, paprika, champignon eller det du måtte like. Tilsett deretter krydderfyll. Eg har berre brukt vanleg Toro pizzafyllpakke. Den veit eg småtassane likar, så då er den "bankers":)



Kjevle deigen ut til ein sirkel og del den opp i passelege stykke.



Ha på pizzafyll og riven ost og trill pizzahorna saman.



Sett pizzahorna til etterheving, tildekka med plast eller kjøkkenhåndkle, til dei er omtrent dobbel storleik; ca. 30- 60 minutter. Pensle pizzahorna med egg og steik dei i omnen med vanleg under- og overvarme, midt i omnen, på 225 grader, i ca 15 min.




Server pizzahorna med ein frisk salat. God helg, alle saman! :)

3 kommentarer:

  1. Hei=)

    Kjempefin matblogg med mange flotte oppskrifter som gir inspirasjon=)

    Pizzahorn er alltid populært her i huset, egentlig pizza i alle varianter, så ville bare tipse om å bytte ut hvetemelet med sikta spelt mjøl istedenfor. Sunnere og enda bedre;)
    God helg=)

    mvh
    Nashmia=)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for tilbakemelding og tipset. Neste gang me bakar pizzahorn skal me prøve med spelt :) Send oss gjerne ei favorittoppskrift, så delar me den på matbloggen :) God helg!

    SvarSlett
  3. Gjør det:) Er veldig godt i vanlig pizzabunn også;)

    Nashmia:)

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)