tirsdag 14. august 2012

Rørt bringbærsyltetøy

Frå me var ungar, kan me godt hugse Ola Korsvik som kom med potetbilen frå Fitjar og forsynte konene heime med store 25 kilossekkar med poteter og gjerne nokre brett med egg også. Etter kvart har vareutvalet vorte utvida med eit stort utval av både grønsaker og bær av prima kvalitet. Heime på kjøkenet til mamma er om dagen, stod det kassar med store, ferske bringebær, som ho hadde tinga hos "Korsvikjen". Mamma skulle lage rørt bringebærsyltetøy og dette måtte me foreviga.


Ingrediensar
2 kg fine , ferske bær
Ca. 6 dl sukker eller etter smak
Evnt. 1 pose frysepulver






Ha bringebæra i ei kjøkenmaskin. Dersom du har mykje bær i bollen, kan du røre det litt først, for å få ned volumet. Tilsett deretter sukkeret og rør til alt er godt blanda. Dersom du skal fryse syltetøyet, blandar du Certo eller Jam frysepulver i sukkeret for du tilsett det i bæra.




Ha bringebærsyltetøyet på reine glass eller som her, frysebeger, og sett på lokk. Merk evnt. med type bær og dato. Syltetøyet er holdbart i inntil ei veke i kjøleskåp eller i frysar i opptil eit år.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)