Skinkesnurrar er gode greier.... Veldig enkle å lage og smakar utrulig godt. Lag gjerne dobbel deig om du har planar om å fryse ned noko, for desse går unna :)
Grunndeig:
12 dl kveitemjøl
80 gr smør
1 ts sukker
1 ts salt
50 gr gjær
1 egg
4 dl mjølk
Fyll:
1 pk piknikskinke
riven ost etter behov
Deigen er teken utgangspunkt i tidligare oppskrift vist tidligare på bloggen. Sjå her for nærare beskrivelse av elting av deigen.
Del deigen gjerne i tre emner for lettare utkjevling.
Kjevle deigen til eit rektangel. Fordel hakka piknikskinke og riven ost, utover deigen.
Rull leiva saman og skjær i like store emner.
La skinkesnurrane heve på ei bakepapirkledd plate, under eit kjøkenhandklede i ca. 45 minutter. Pensle skinkesnurrane med egg og krydre dei gjerne med litt piffikrydder e.l. steik dei i omnen med vanleg under- og overvarme, midt i omnen, på 225 grader i 12-15 minutter
Avkjøl skinkesnurrane på rist og server dei til store og små :o)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)