tirsdag 21. august 2012

Pestosalat med kylling og bacon


Denne gode pestosalaten passar i dei fleste høve. Saman med kvitlauksbagettar og parmasan blir retten utruleg godt.




Ingrediensar
1 stk grilla kylling 
1 pk smårett bacon
1 glas pesto
1 pose pastaskruar, gjerne fullkorn
cherrytomatar
svarte oliven
1 pk cashewnøtter






Kok pastaen etter avvisning på pakken. Steik baconbitane mens pastaen kokar.  




                                    Sil vatnet av pastaen og ha eit glas med pesto over.




Ta skinnet av kyllingen og del den i bitar. Bland kyllingen og baconet i pastaen.



Del oliven og tomatar og ha det i salaten. Tilsett cashewnøttene. 



Pestosalaten inneheld mykje god smak og saman med eit glas raudvin blir dette ein real smaksoppleving :)


3 kommentarer:

  1. Takk for oppskrift på kjempedeilig salat. Flere av de jeg serverte den til mente at " dette var den beste" salaten de hadde smakt:)

    SvarSlett
  2. Tusen takk for hyggeleg kommentar! Gøy å høyra at du har prøvd den og at den også falt i smak hos andre :)

    SvarSlett
  3. Eg har ein anna variant som er slik: Kylling salatkjøtt, ruccola salat, sprøsteikt bacon, pastaskruar, pesto, cherry tomatar, soltørka tomatar og raud lauk. Kjempegodt med kvitlauksbaguettar til.
    PS: Baka pizzahorna i dag, dei var fantastisk gode :)

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)