Dette er ei god, lettlagd haustkake med epler og tyttebær. Lag gjerne dobbel porsjon og ha i to former, slik at du kan fryse ned den eine og ha på lur til juletider.Ingrediensar
3 egg3 dl sukker
4,5 dl kveitemjøl
1 ss malt kanel
1 ss malt ingefær
1 ss malt nellik
1,25 ts natron
0,75 dl nøytral matolje eller smelta smør
1,5 dl kulturmjølk eller kefir
1,5 dl tyttebær
1 dl eple i små bitar
Finn fram og mål opp alle ingrediensane.
Visp egg og sukker til eggedosis.
Bland saman kveitemjøl, krydder og natron. Ha i mjølblandinga vekselvis med olje eller smør og kulturmjølk. Rør til ei glatt røre.
Bland i rørte tyttebær og hakka epler og vend lett om.
Ha kakerøra i ei godt smurt form, evnt. to dersom dobbel røre.
Avkjøl krydderkaka i forma. Den smakar best dagen etter den er bakt og held seg lenge i kjøleskåpet.










