mandag 17. september 2012

Bollar med sitron og pistasjkrem

Desse bollane er rett og slett utrulig gode. Kombinasjonen av sitron og pistasjnøtter gjev baksten ein spanande smak. Prøv du også og sjå om det blir ein yndling i din heim.

Ingrediensar

Deig
14 dl kveitemjøl
1 dl sukker
2 ts kardemomme
0,5 ts salt
50 g gjær
5 dl mjølk
125 g smør

Fyll
75 g usalta pistasjenøtter, hakka
1-2 stk sitron, finriven skal (kun det gule)
0,75 dl brunt sukker
125 g mjukt smør

Topping
1 egg til pensling
perlesukker og grovhakka pistasjenøtter






Bland dei tørre ingrediensane saman, i ein bakebolle. Held igjen litt av mjølet. på med fingervarm væske. Dersom du nyttar ferskgjær er det ikkje nødvendig å løyse den opp i melka; du kan like gjerne smuldre den opp i bakebollen, så gjer kjøkkenmaskinen resten. Elt deigen i ca. 10 minutter. Juster evnt. med mjølet undervegs. Å elte deigen lenge er alfa og omega for å få eit godt resultat. Glutenet i mjølet endrar seg og gjer til at deigen vert lettare å jobba med, smakar betre og smular mindre. Del smøret i terningar og ha det opp i bakebollen. Ved å elte smøret inn på denne måten får du ein deig som er smidig og enkel å jobba med; i tillegg får du ein utrulig luftig og velsmakande bakst. Deigen er ferdig elta etter ca. 15 minutter og skal då vera smidig og ha ei blank overflate. Sett den til heving, tildekka med plast eller lokk, på ein lun plass til omtrent dobbel storleik, ca. 45 minutter.



Rør mjukt smør, pistasjenøtter, sitronskal og rørsukker saman.




Kjevle deigen til eit rektangel på ca. 60 x 30 cm. Smør fyllet på halve delen av rektangelet.



Brett den andre halvdelen over og skjer på langs ca. 2 cm lange remser. 



Del remsene på langs, men la dei henge saman øvst, som eit par bukser. Vri dei og lag ein laus knute. 

Sett snurrane til etterheving, tildekka med plast eller kjøkenhandklede, til dei er omlag dobbel storleik; ca. 30- 60 minuttar.


Pensle snurrane med egg, dryss over perlesukker og grovhakka pistasjenøtter, og steik dei i omnen med vanleg under- og overvarme, midt i omnen, på 225 grader, i ca 10-12 min. Avkjøl bollane på rist.













Set deg ned, slapp av og nyt ein nysteikt bolle!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)