lørdag 8. september 2012

Hilde`s flytande sjokoladekake

Medan menn foretrekkjer biff, burger eller pizza, krever damer matvarer i denne rekkjefølgen: sjokolade, salte snacks eller is. Kjenn du deg att? :) Det vert sagt at når kroppen gjer etter for søtsuget, vil kroppen frigje "feel-good"kjemikaliar som gjer at me kjenn enorm velvære. Lat oss slå oss til ro med det og kos deg med denne usedvanlige gode, flytande sjokoladekaka :) Oppskrifta har me sjølvsagt fått hos ei dame; svigerinna av systera vår, knakande kjekk som også likar sjokolade :)


Ingrediensar

4 egg
2,5 dl sukker
2 plater kokesjokolade (ei lys og ei mørk eller begge mørke)
200 gr smør
2,5 dl kveitemøl
1 ts bakepulver



Visp egg og sukker til eggedosis i ca. 10 minuttar



 Smelt smør og sjokolade og rør sjokoladeblandinga saman med eggedosisen. 



 Sikt kveitemjøl og bakepulver i kakerøra og bland det saman til du får ei smidig røre.



 Hell kakerøra over i ei kake- eller brødform. Steik den på 200 grader i ca. 15 minutter.



Kaka skal ha ei sprø skorpe, men vera flytande inni; nett som ein stor sjokoladefondant. Server den lunka, saman med is og bær. 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)