mandag 10. september 2012

Pikekyss


Pikekyss, også kjent som marengstoppar er enkle å lage og smaker himmelsk godt. Kva storleik dei skal ha er "smak og behag". Sjølv synes eg dei er best når dei er ein munnfull, då får du deg eit passe stort sukkerkikk :)


Det fine med marengs er at den kan oppbevarast  lenge i ein tett kakeboks. Då har du noko søtt og godt på lur dersom du får uventa besøk.






Oppskrift


4 eggekvitar
50 g sukker pr. eggekvite.

Skil kviten frå eggeplommane, pass på at det ikkje er spor av eggeplomme i bollen du skal mikse i. Er du ikkje nøye med dette vil ikkje eggekviten bli stiv.

Bruk ein miksar til å pisking av eggekvitane, ha i litt og litt sukker om gongen. Røra er ferdig når du kan snu bollen oppned utan at noko renn ut.

Ynskjer du farge på marengsen er det eit hav av fargar å velge mellom. Wilton har eit stort utval. Eg brukte konditorfarge slik ein får kjøpt på vanlege daglegvarebutikkar. Tilsett nokon dråpar i røra og vend det inn med ein slikkepott.







Bruk ein kakesprut , eventuelt ein brødpose med tipp som du fyller med marengsmassen. Sprøyt små, fine toppar på eit bakepapirkledt steikebrett. 


 

Steik marengstoppane på 100°C i ca. 45 min., ( litt lenger om dei er store ). Skru av omnen og la dei stå der 1 time.






Desse pikekyssa kan du med hell servere gjestar som stikk innom. Dei er også fine å pakke inni cellofanpapir å gje vekk i presang, ELLER du kan finne fram ei god bok, ein svart kopp kaffi og nyte ein munnfull sjølv :)  Her og her er eit tips til kva du kan bruke eggeplommane til. 


Ha ein fin mandag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)