torsdag 6. september 2012

Jamie Olivers rullebrød


Jamie Oliver som nok er kjent for veldig mange, lagar eit nydeleg rullebrød. Etter oppskrift frå den kjente briten har eg i dag laga rullebrødet etter hans oppskrift. 

Inni brødet er det mykje godt, men ein kan sjølvsagt velge heilt andre ingrediensar om ein heller vil det. Ta det du likar best og putt det inni! Brødet kan serverast til lunsj, middag eller som tilbehør til supper etc. Serverar du ein god salat til er det meir enn godt nok som middag.

Skal du ut på tur i skog og mark er dette brødet perfekt å ha med seg i ryggsekken. Steik det, la det kvile litt før du pakkar det ned. Ta med ein god kniv og skjær det i passande skjever. Om turen ikkje er alt for lang er nok brødet framleis varmt inni når du kjem fram.



Jamie Oliver si brødoppskrift:

1 kg kveitemjøl
6 1/4 dl lunka vatn
1/2 pose tørrgjær
2 ss sukker
2 ss salt


Bland alt saman og la miksmastaren gjere jobben. Mix ca. 5-10 min. Hev til dobbel storleik, ca. 30-40 min.  







Del opp i to like emner så har du til to brød.




Kna deigen og kjevl det deretter til eit langt rektangel. Smør på det ein ynskjer som t.d. pesto, smøreost, etc. Ha på fyllet. Rull det saman og form det som ei pølse.

 




Etterhev ein halv time.  Steik det på 180 grader i 35 minuttar.



Fyll:

Kokte egg
Strandaskinke
Soltørka tomatar
Raud pesto
Frisk basilikum
Osteblanding
Parmesan
Olivenolje










Om ein ikkje har fersk basilikum, soltørka tomatar etc. er det ikkje krise. Det er som sagt opp til ein kvar smak kva ein vil ha i. Neste gong skal eg prøve med picnicskinke og grøn pesto. Trur det kan smake godt med crème fraiche og ein desj kvitlauk også. Med andre ord berre fantasien som set grenser. 





Velbekomme!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)