torsdag 13. september 2012

Eplekake med vaniljekrem

Dei norske epla er på sitt beste og er du heldig ha å eige epletre så skund deg ut og plukk frukta før den fell ned.  No skal du sanke til vinterbruk og noko av det du kan lage er eplekake. Den er enkel å lage og smakar  kjempegodt.
"Som epler av gull i skåler av sølv er ord som blir talt i rette tid..." Bibelen, Salomos Ordspråk


Ingrediensar

4egg
3 dl sukker
200 g smør
2 dl mjølk
5 1/2 dl kveitemjøl
3 ts bakepulver




Rør egg og sukker til eggedosis i ca 10 minutter. Smelt smør og bland saman med melk; hell blandinga opp i eggedosisen og rør rundt. Sikt i kveitemjøl og bakepulver og rør forsiktig til du har fått ei smidig røre.



Hell røra i ei kakeform eller langpanne på ca 20x30 cm. Skjer eple i båtar i ønska storleik og dytt den ned i kakerøra.



 Eg plar ha eit lag med vaniljekrem over kakerøra. Berre klipp av toppen på ein ferdig vaniljekrem og trykk utover. Den søkk fint ned i kaka når den blir steikt. Dryss over kanel og hakka mandlar. Steik eplekaka på nederste rille i omnen på 175 grader i 45 minuttar. 



Eg måtte lage eplekaka ein kveld eg var så veldig søtsjuk. Den smakte unekteleg godt saman med is ;)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)