torsdag 20. september 2012

Fårikål

Fårikålen sin dag er ikkje før om ei veke, men det må vel vera lov å tjuvstarta med denne gode, haustlege matretten. No finst det utallege variantar av lam i butikkane; lammelår, -skank,- steik, - filet og ikkje minst fårikål. Kvaliteten varierar også med prisen. "Billigvarianten" er ikkje til å anbefale. Spander heller på deg skikkeleg kvalitetskjøt og nyt eit måltid med sesongens farikålkjøt.


Ingrediensar

1 1/2 kg fårekjøt
1 1/2 kg hovudkål
4 ts pepar
2 ts salt
3 dl vatn
4 store gulerøter


Legg kjøt og kål lagvis. Start med kjøtet og legg fettsida nederst. 



Del hovudkålen i båtar.




Strø salt og pepar lagvis. Du kan også ha peparkorna i en spesiell peparholdar.




Hell på vatn. La fårikålen koke opp og trekke på låg varme til kjøtet er maurt; ca. 2 timar.




På slutten av koketida har me gulerøter på toppen av fårikålen og koker poteter attåt.  
Samle store og små til haustens etegilde!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)