Så
er det tid for helg og ein kan skeie ut ein smule og kanskje tillate seg å kose
seg litt ekstra:) Kanskje me kan freiste med desse cake pops´ane?

Rester
av ei krydderkake i langpanne blei mitt utganspunkt for desse cakepops´ane.
Rester frå brownies, sjokoladekake o.l vil også eigne seg veldig godt.
Ingrediensar
Ca. 1 liter kakerestar
1 dl peanøttsmør
1/2 dl Sjokade/Nugatti
50 g mørk kokesjokolade (til å feste pinnane)
200 g mørk kokesjokolade
ca. 20 kakepinnar
kakestrøssel
Start med å
smuldre kakerestane i ei skål. Bland deretter i peanøttsmør og sjokoladepålegg.
Du vil då få ein seig masse.
Trill ut kuler i den storleiken du måtte
ynskje. Smelt den mørke sjokoladen over vatnbad og dypp enden på pinnane nedi
før du stikk dei i kvar kule. Deretter set du kulene i kjøleskåpet ein
halvtime.
Då er det klar for
glasuren. Smelt den kvite sjokoladen over vatnbad (evt. mørk om det er ynskjeleg)
og dypp deretter kulene ned i. Strø til slutt kakestrø over. Set kulene i
kjøleskåpet igjen for å få sjokoladen stiv.
Nyt det med god
samvit; det er helg!