søndag 12. august 2012

"Inger Lise- kaka" / Blautkake med sjokoladekrem

Enkelte oppskrifter eller matrettar er lett å forbinde med visse personar. Når bryllaup, besøk, tilstelningar o.l skal arrangerast i slekta, veit me f. eks kven me skal spørja når kaker skal bakast. Slik er det også med denne lekre kaka, med blautkakebunn og sjokoladekrem. Innad i familien går den berre for "Inger Lise- kaka". Dette fordi ei driftig dame på øya, med tilhøyrande namn, har pleidd å lage denne.  Tanta vår Inger, navnesøster og syskenbarn til Inger Lise, driftig ho også, bakar sogar denne kaka, på ypperlig vis :)

Me var heldige å få vere med tante, på hennar koselege kjøken, då ho skulle lage "Inger Lise- kaka". Ho hadde fått "bestilling"på kaka, då det skulle arrangerast slektstemne i helga :)



Ingrediensar

Kakebunn:

5 egg
1 1/2 kopp sukker
1 kopp kveitemjøl
1 kopp potetmjøl
4 ts bakepulver

Kakefyll:
1 pk vaniljekrem m/koking
1 pk kremfløyte
2 bananer

Sjokoladekrem:
300 g smør
500 g melis
2 egg
1 plate Freia Dronningsjokolade
6 ss kaffi




Pisk egg og sukker til eggedosis i ca. 10 minutter. Ha i sikta kveitemjøl, potetmjøl og bakepulver og rør forsiktig rundt til du har fått ein jamn og smidig kakedeig.





Ha kakerøra i ei smurt, rund (24 cm diameter) kakeform, kledd med bakepapir. Steik kaka midt i omnen på vanleg under- og overvarme i ca. 45 minutter på 180 grader.




Avkjøl kaka på rist. Eit tips er å la kakebunnen ligge ca. 1 time i frysaren før du skal pynte den. Då blir den lettare å dele og den smuldrar mindre. 





Pisk kremfløyte  sman med 3 ss sukker, og tilsett vaniljekrem. Skjær bananer opp i blandinga. 





Del kakebunnen i 3 eller 4 delar. Start med å dynke den første kakedelen med melk før du har på krem. Forstsett slik med dei andre laga også. Å dynke kakebunnen med melk gjer til at kaka ikkje vert tørr.  




Lag sjokoladekremen ved å røre smør og melis kvitt. Dersom smøret festar seg langs kanten, skyver du det ned att i bollen med ein slikkepott. Smelt sjokoladen på låg varme og bland saman med kaffi. Hell sjokoladeblandinga opp i smørkremen. Dette blir då sjokoladekrem :)




 Sjokoladekremen klar til å takast opp i ein sprøytepose. Hell igjen litt til å smøre eit lag på toppen av kaka. Du treng ikke smøre sidene, då du dekkjer dei med sprøyteposen



Smør sjokoladekremen på toppen av kaka først, deretter byrjar du å sprøyte langs sidene. Start å sprøyte fra nedsida og opp. Vel den kaketuppen du tykkjer gjer finast dekor.



Her kjem det godt med ei stødig hand og ein dose tolmodighet :) 




Etter sidene er pynta, sprøytar du til slutt opp på kaka. Her er det berre fantasien som set begrensningar for korleis du vil den skal sjå ut :)




Avslutt kakepyntinga gjerne med litt sjokoladedekor eller friske bær.



Lag helst kaka dagen før den skal serverast, sidan den då vert saftigare. Den blir eigentleg betre og betre etter kvart som den får stå (om mulig... :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)