mandag 27. august 2012

Luftige grovbrød




Utvalet av bakevarer blir berre større og større og eg tykkjer det er gøy å prøve nye produkt. Denne gangen er det eit produkt frå Idun, som lovar at ved å tilsetje ei spiseskjei av "Bakerens hemmelighet", så vil du få ein luftigare bakst. Det skal forsterka deigen sin naturlege proteinnettverk. Dette gjer at dei naturlege gassane som blir skapt under heving, blir bevarde i deigen og gjev eit enda luftigare bakeresultat. Eg prøvde oppskrifta, "luftige grovbrød", som stod bak på pakken og kan sei at produktet heldt det det lova. Deigen var god å jobba med og brødet blei luftig og lett. Eg tykkjer heimalaga brød ofte kan bli litt tørre dagen etter, det var faktisk like saftig og godt i dag, som i går.


Ingrediensar
2-3 stk brød

5 dl vatn
3 dl kefir/kesam
1 pk gjær
8 dl kveitemjøl
1 ss honning
9 dl grovbakstmjøl
1 ts salt
1 ss Idun Mors hjemmebakte Lufitgere bakst




Varm vatn, kefir/kesam og honning til 37 grader og rør ut gjæren dersom den er fersk. Tilsett mjøl, salt, (evnt. tørrgjær) og "Luftigere bakst". Elt deigen, gjerne i kjøkkenmaskin, i 10- 15 minutter. Dekk bollen med plast og sett den til heving i ca. 1 time. 





Form til børd og legg de i smurte formar. Snitt mønster med kniv og strø mjøl på toppen. 





Etterhev i ca. 45 minutter. Steik brøda på nederste rille ved 200 grader i ca. 30 minutter. Avkjøl på rist.





Smakar nydeleg med smør og brunost. Ynskjer dykk alle ei triveleg veke!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)