torsdag 23. august 2012

Fruktis

Somartid er istid og hos oss har det nestan vore "fri flyt" med is-spising i somar, sjølv om vêret ikkje nødvendigvis har vist seg frå si beste side. Småtassane veit veldig godt kor dei kan finne ispinnane i frysaren og har nok utnytta foreldra si meir laidback´e oppdragelse i ferien.
No når barnehagekvardagen er starta igjen, har me merka at det er på tide å stramma inn på "tøylane" og heller tenkje litt kreativ i høve til å gje ungane sunn mat :)

Fruktis er eit supert alternativ til dei meir sukkerfylte, vanlege ispinnane.  Lagar du den av friske bær, slepp du å tilsette noko søtning, sidan bæra er så sødmefylte no. Frosne bær som du kjøp i butikken har ein tendens til å være meir sure. Eit tips er å søte dei med anten vaniljeyoughurt eller mogne bananer.

Tante Hanne har ei super juicemaskin (Philips) som ho moser bæra i. Den filtrerar vekk kornet frå bæra. Men stavmiksar og blendar gjer jobben like godt, men du får då ein meir tjukk fruktmasse. Noko nøyaktig mål av bær treng du ikkje. Bruk det du har og miks det saman.





Me brukte ei korg av blåbær, bringebær og jordbær.



Tilsett bæra i maskina du ynskjer å mose dei i.


God og næringsrik fruktjuice klar til å drikkast eller som me skulle, til å lage is av :)





Ha fruktjuicen opp i frysebeger og sett på ispinnelokk.





Denne ispinnemaskina fra Zoku (som kan kjøpast på bl.a "Enklere Liv") er super å bruke når du skal lage is veldig kjapt. På 8 minutter er tre ispinnar klare




Deilige og sunne ispinnar :)




Medan ungane koste seg med is, drakk foreldra eit friskt glass av elpe-, appelsin og gulrotjuice :) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)