onsdag 15. august 2012

Rømmevaflar

Somaren er på hell, men sola viser seg frå si beste side og varmar framleis vestlendingane. Det freistar ikkje å stå inne å lage mat, så kvifor ikkje gjere det utandørs? Ei vaffelkakerøre miksar du fort saman på 5 minutter. Ta røra med deg ut på terrassen og steik vaflene i solskinet.


Ingrediensar
100 g smør
1,5 dl sukker
1 beger lettrømme (eller seterrømme)
5 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
evnt. 1/2 ts kardemomme


Bland saman mjølk og kveitemjøl for hand,  med miksar eller foodprosessor. Ha egga og rømmen og bland godt. Ha i bakepulver, kardemomme, sukker og smelta smør og bland til ei jamn røre. La røra svelle i minst 15 minutter. Skal den stå lenge bør du opphalde den i kjøleskåpet. 
Steik vaflane og server med det du likar- smør, sukker, rømme, bær, syltetøy





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)