fredag 10. august 2012

Barnemat frå 6 mnd.- Avokado og Banan

Det er alltid spennande når små barn skal introduserast for fast føde for fyrste gong. Kva vil “småtassen” like? Smakslaukane blir satt på prøve, grimasar skjæres og smattinga er høglytt.
Introduksjon av fast føde kan gjerne skje rundt 6 månadar, for då byrjar behovet for energi og næringsstoff å bli større enn at kun morsmjølk/erstatning kan dekkje dette aleine. Min erfaring er at i startsfasen bør ny mat finmosast. Nokon barn klarar å tyggje maten med gommane evt. tenner allereie frå dei er 6 månadar. Prøv deg fram til kva barnet ditt likar best.
I dag er me ofte på farta med barna. Da kan det være godt å ha noko som er raskt å oppdriva når barnet blir akutt svolten.
Raskt og enkelt er ikkje det same som farvel til sunn og smakfull mat. Planlegg litt, frys ned eller ha nokon enkle retter i bakhand . Tenkjer å gje deg nokon tips til slike smårettar.  Første tips er;
Avokado og banan

Denne snarretten mettar godt og er fin å ha med seg på tur. Avokado er ei frukt som er rik på det sunne fettet og derfor fin å gje til små barn.
Fyrste gong eg introduserte dette brukte eg litt for mykje avokado, litt for lite banan og eg brukte heller ikkje stavmiksar. Det blei ingen suksess. Andre gong tok eg halvt om halvt med banan og avokado og moste det med stavmiksar. Då blei det fart på sakene. Dette var godt, nam, nam... Etter kvart har snuppa blitt meir glad i avokadosmaken og har gått over til å ha litt meir avokado enn banan.





Dette trenger du til 1 porsjon:


1/2 avokado

1/2 banan



Framgangsmåte:
Vel ein avokado som er godt moden.
Grav ut fruktkjøttet og mos det saman med banan ved hjelp av stavmiksar eller gaffel .
Dersom dette skal vere eit lunsjmåltid ville eg økt til 1 banan og ½ avocado.

Alder på barnet:
frå 6 månader.

Tips; erstatte banan med finrevet pære eller most honningmelon.


 


Skal avokadoblandinga vere med på tur, kan du mose alt på staden. Dersom du vil blande det før du dreg kan det vere lurt å hugse at avokadokjøtt mørknar når det kjem i kontakt med luft. Dette unngår du ved å blande det med frukt som inneheld vitamin C. Skvis  f. eks. 1 ss appelsinsaft oppi blandinga så hindrar du at det blir brunt. (Appelsinjuice kan du ha i til barn over 8 månader om det ikke finnes allergi for sitrusfrukter i familien).



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)