I dag var pappa den heldige og fekk sove litt frampå, mens me fann på at me skulle lage frukost til han skulle stå opp. Då blei det grove vaflar. Dei er faktisk mykje sunnare enn dei fleste brødsortar og er ekstra grov i følge brødskalaen. Det går fint an å fryse dei og er populære som nistemat.
Ingrediensar
2 dl havregryn
5 dl sammalt rug
1 ts bakepulver
3 ss rapsolje
8,5 dl lettmjøl
Putt gjerne i eit egg eller ei stor, riven gulrot.
Bland alle ingrediensane med stavmiksar og kjør til ei glatt og fin røre. La røra kvile i minimum 30 minutter. Spe eventuelt med meir mjøl dersom den er litt for tjukk.
Veldig kjekt å få vere med å hjelpe til.
Har du vaffelkakejern med slippbelegg treng du ikkje smøre det. Steik på middels varme til dei er fine og mørke.
Veldig godt med egg på....
Vips, så var frukosten servert.... Velbekome!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)