fredag 24. august 2012

Superenkel blåbærpai


Ein sundag då me venta middagsgjestar, opna eg matskapet for å sjå kva eg kunne lage til dessert.  Eg var tom for idear, skapet var ganske "skrapt" for dessertmat og i tillegg var det ikkje lenge før gjestane skulle koma. Men der fann eg ein pakke Toro Blåbærpai, i skapet. Den kunne eg bruke! :) Men den virka ganske plain og kjedeleg, så for å pimpe den opp litt, brukte eg også vaniljekrem og ferske blåbær. Ikkje for å skryte, men den blei fantastisk god :) Har brukt den fleire gangar i etterkant og mange har spurt etter oppskrift på den gode blåbærpaien. Overraskelsen har vore stor då dei har fått vete at det er Toro som står bak herligheten :) Prøv den; du blir garantert ikkje skuffa! :)





Følg anvisning på pakken om korleis  du lagar deigen. Trykk 2/3 utover i ein ildfast form. Husk å få deigen litt oppover kanten av forma.

 Hell ein pakke ferdig vaniljekrem opp i forma.

 Lag blåbærfyllet etter anvisning på pakken.

 Smør fyllet utover paien.

Strø blåbær over; ferske såvel som frosne.

Bruk resten av deigen til å ha oppå paien. Har prøvd uttalige gangar å lage "gitter", utan hell, men den smakar like godt om du "smuldrar" den utover :) Paien skal steikast på 180 grader i ca 25 min.



Smakar fortreffeleg lunka, med god vaniljeis til.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)