mandag 13. august 2012

Skinkesnurrar

Mandag er ein grei bakedag. Då er som regel kjøleskåpet i manko av diverse ingredienser etter helga, men kjøkenskåpet inneheld som regel mjøl og det som trengs for baking.

Skinkesnurrar er gode greier.... Veldig enkle å lage og smakar utrulig godt. Lag gjerne dobbel deig om du har planar om å fryse ned noko, for desse går unna :)


Grunndeig:
12 dl kveitemjøl
80 gr smør
1 ts sukker
1 ts salt
50 gr gjær
1 egg
4 dl mjølk

Fyll:
1 pk piknikskinke
riven ost etter behov




Deigen er teken utgangspunkt i tidligare oppskrift vist tidligare på bloggen. Sjå her for nærare beskrivelse av elting av deigen.





Del deigen gjerne i tre emner for lettare utkjevling.





 Kjevle deigen til eit rektangel. Fordel hakka piknikskinke og riven ost, utover deigen. 




 Rull leiva saman og skjær i like store emner. 





 La skinkesnurrane heve på ei bakepapirkledd plate, under eit kjøkenhandklede i ca. 45 minutter. Pensle skinkesnurrane med egg og krydre dei gjerne med litt piffikrydder e.l. steik dei i omnen med vanleg under- og overvarme, midt i omnen, på 225 grader i 12-15 minutter





Avkjøl skinkesnurrane på rist og server dei til store og små :o)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)