mandag 3. september 2012

Enkel laksegryte


Det er alltid like spanande om ein ny matrett går gjennom sensuren her i heimen. Med 6 familiemedlemma; mor og far, ein ungdomsskulegut som ikkje er så begeistra for grønsaker, to barnehagegutar som ikkje er så glade i fisk og ei lita tulla på 10 månader som nettopp er byrja å testa smakslaukane sine :)  Eg visste at denne fiskegryta kunne by på utfordringar, så eg måtte ta mine forhandsreglar. I staden for hakka lauk i kvitesausen, blei det løkpulver. På veg heim fra barnehagen prøvde eg å førebu småtassane på at i dag var dei heldige og skulle få "rosa Pinkyfisk". Det plar som regel slå an blant ivrige Sabletannfans.
Spent førte eg laksegryta bort på bordet. "Æsj, da lokta fisk, mamma!", kom det frå ein av smårollingane. Ja, ja, eg prøve å behalde maska så godt eg kunne for å overbevisa gutane om at Sabeltann og Pinky et slik mat ombord "Den sorte dame".

Kva trur du skjedde? Laksegryta slo an! Halleluja! Samtlege var begeistra for middagen! Ein ny rett å loggføre som godkjent hos familen Glesnes! :)



Ingrediensar

800-900 g laks
4 mellostore poteter
3 gulerøter
1 brokkoli

Kvitsaus
3 ss smør
3 ss kveitemjøl
6 dl mjølk
1/2 lauk
salt, pepar, paprikakrydder

Riven ost til topping





Skrell poteter og gulerøter og skjær dei i lik storleik. Kok i ca. 10-12 minutter til grønsakene er møre. Ta kasserollen av plata og tilsett brokkolien. Ha på eit lokk i nokre minuttar medan du lagar kvitsausen.




Smelt smør og ha opp i hakka lauk. Tilsett mjølet og bland saman. Spe på med mjølk og kok på låg varme. Smak til med salt, pepar, paprikakrydder og evnt. laukpulver (dersom du ikkje brukar fersk lauk).




Veg opp 800-900 g fisk.





Skjær laksen i bitar, strø litt salt på og legg den i ei eldfast form. 





Sil vatnet av grønsakene og legg dei over laksen.





Hell kvitsausen over lakseforma.






Dryss riven ost over.





Steik midt i omnen i ca 15 minutter.




Vel du å prøve denne laksegryta, håpar eg den slår like bra an i din heim!



Tips!  Restane frå middagen fraus eg i porsjonsbeger, som eg kan bruke seinare til minstejenta.

9 kommentarer:

  1. Mmmm -denne så riktig god ut. Den skal prøves i overmorgen. Takk for at dere deler så mange gode oppskrifter. Klem :-)

    SvarSlett
  2. Den skal eg laga neste gang eg har laks!!

    SvarSlett
  3. Tusen takk igjen til dykk begge. Veldig kjekt at dere legger igjen kommentarer til oss. Håpar laksegryta falt i smak :)

    SvarSlett
  4. Ja, nå har vi prøvd laksegryta og den slo godt an her også! :-)

    SvarSlett
  5. Flott blogg dåke har :-) Veldig inspirerande og allsidige oppskrifter!!! Skal lage laksegryte til middag idag :-) STORT plusstegn for alle dei flotte bildene og detaljert fremgangsmåte. Keep up the good work :-)

    SvarSlett
  6. Tusen takk for tilbakemeldingen! Håpar det gjekk fint med middagen :) Del gjerne ei oppskrift med oss om du har ein favoritt :)

    SvarSlett
  7. Denne må prøves, høres veldig god ut.

    SvarSlett
  8. Hvilken temperatur bruker du i stekeovnen?

    SvarSlett
  9. Har laga denne i mange år, veldig god og enkel, laga av ting me har i huset😋

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)