søndag 9. september 2012

Kitchen Aid Artisan

Eg har lenge gått å "sikla" etter ei Kitchen Aid- kjøkenmaskin, men sidan eg har hatt ei velfungerande Kenwoodmaskin, har det liksom ikkje vore noko aktuell investering frå mi side. Ei heller frå mannens front, då han til stadighet minnar meg på at eg går heime i ulønna permisjon og må derfor roe ned på handlinga. 

Er den ikkje vakker? Eit møbel vil eg sei :)
Men ein kveld mannen var i butikken for å handle, kom han kry heim att og meinte han hadde gjort eit kjempescoop! Han hadde kjøpt 10 pakkar med brødmjøl som var nedsett til 5 kr pakken. Sidan du kunne bake to brød pr pakke ville det sei at me kunne få kvart brød til 2,50. Ikkje verst, meinte han, når eit ferdig butikkbrød plar ligga rundt 30 kr. Ivrig heiv han to pakkar med grovt brødmjøl i Kenwood`en og slappa av i stova mens deigen vart elta. Eg meinte eg kjende ei brentlukt og då eg såg inn på kjøkenet, stod røyken av kjøkenmaskina!! "Morten, da bredne!!!" Han skvatt opp og sprang til for å sjekke kva det var. Kenwood`en hadde elta sin siste deig.... Eg stod att med skrekkblanda fryd. Det var med eit viss vemod eg måtte erkjenne at den kjære, gode Kenwood`en, som eg fekk i 20 års gåve av mor og far, som har vore med meg på mangt eit flyttelass og ikkje svikta meg sjølv om ikkje alle bakeresultat har vore vellukka, no desverre hadde kapitulert. Samstundes augna eg eit håp om at Kitchen Aid`en no var nærare enn aldri før. "Du drive jo matblogg, sjølvsagt må du ha ny kjøkenmaskin", kom det kontant frå mannen. Eg smilte breidt og heiv meg på nettet og bestilte Kitchen Aid Artisan, med det same! Eg fekk den attpåtil på salg hos jernia.no *s* Mannen måtte vedgå at brøda han skulle bake, blei dyre tross alt, medan eg tenkte i mitt stille sinn at det aldri er så gale at det ikkje er godt for noko ;o)



2 kommentarer:

  1. hahaha ja det blei nåken dyre brød;)
    Men slitan i hvertfall:) Den var kjempe stilig!

    SvarSlett
  2. Tusen takk. No gjenstår det berre å sjå om eg vert lika fornøyd med Kitchen Aid`en som eg har vore med Kenwood`en. Designet er i alle fall betre :)

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)