lørdag 1. september 2012

Skillingsbollar


Skillingsbolle, også kalla kanelbolle, kanelsnurr og kanel i svingane er eit fantastisk godt bakverk med sukker og kanel. Ser av vêrmeldinga at det skal bli ein regntung dag, men kva høver vel betre då enn å være inne å lage desse herlighetane?

Ingrediensar

1 kg kveitemjøl
2 ts kardemomme
200 gr sukker
50 g gjær (søt type)
6 dl mjølk, lunka
150 g romtemperert smør i terningar
malt kanel, sukker og smelta smør til fyll


Ha dei tørre ingrediensane i bakebollen og spe på med fingervarm mjølk (med evnt. utrørt gjær dersom den er fersk). La maskina gå i alle fall i 5 minuttar. Les her om kvifor det er viktig å elte deigen lenge.




Tilsett smør skoren i terningar; litt om litt. Elt i ytterligare 5-10 minuttar; total ca. 15 minutt slik at deigen blir glatt og smidig.




La deigen forheve i ca 45 minuttar i ei bolle tildekka med plast eller lokk




Deigen skal hevast til i alle fall dobbel storleik




Kjevle deigen ut til eit rektangel som er om lag 1,5 cm tjukk. Pensle leiva med eit tynt lag av smør før du drysser sukker og kanel opp på. Rull saman til ei pølse og del deigen i like store emner. Legg skillingsbollane på ei bakepapirkledd steikeplate og dekk til med handklede. La skillingsbollane heve til dobbel storleik; 30- 45 minuttar. Pensle bollane og ha på perlesukker dersom du ynskjer det. Steik midt i omnen på vanleg under- og overvarme på 220 grader i 10-15 minuttar. Avkjøl på rist.




Kos deg inne mens regnet ausar ned ute :)







2 kommentarer:

  1. Disse skal eg prøve ut og lage i morgen :-) Kjempe kjekt og følge med på bloggen deres :-)
    Hilsen Janne :-)

    SvarSlett
  2. Fint at du følgjer oss. Baksten blir nok kjempegod; lykke til :)

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)