torsdag 30. august 2012

Plommesyltetøy

Er du heldig å ha plommetre i hagen, ellers som oss, har tilgang til eit plommetre? Familien Hatlevik som bur i "gamlehuset" til bestemor og bestefar, har to store plommetre ute i hagen. Ungane har allereie vore å plukka plommene som er falne ned fra trea og har lurt på om me ikkje kunne få fatt i dei store, raudlilla plommene høgt i toppen av trea. Me tok fram hageriva og ruska med oss deilige Opalplommer. Søte, gode som mistar steinen når du bit i dei. Det var med me ville ha av plommer og enda er det mange som ikkje er modna. Dei er jo best å ete rett som dei er, men det begrensar seg til kor mykje mageverk du kan tillate deg å få ;) Me tok plommene med oss inn å lagde godt, heimalaga plommesylt av avlinga i hagen.

Ingrediensar

1,5 kg plommer
500 g sukker (her kan du variere alt etter kor søtt du vil ha det.)
2 dl vatn
Ynskjer du konserveringsmiddel, følgjer du anvisning på pakken.
Vask plommene, del dei og ta ut steinen. 




Kok vatn saman med plommene i ca. 10 minutter til dei er gjennomkokte.















Ta kasserollen av plata og rør inn sukker og evnt. konserveringsmiddel, til alt er oppløyst. Ha plommesyltetøyet over på reine glas- så fulle som mogleg- slik at det blir minst mogleg luft under lokket. Avkjøl og oppbevar plommesyltetøyet mørkt og kjølig.







I går hadde tanta vår gebursdag, så då var det kjekt å gje henne eit glas med heimalaga plommesyltetøy.


















2 kommentarer:

  1. Gleder meg til å prøve denne plommeoppskriften, siden jeg aldri har laget dette før.

    SvarSlett
  2. Må man la dette stå en stund før det er klart? Eller er det klart til servering så snart man har kokt ferdig og avkjølt det? Har aldri laget syltetøy før, men tenkte jeg kunne prøve dette :-)

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)