tirsdag 28. august 2012

Tjukklefser

Bestemor Klara var ei fantastisk dame på alle måtar. Uendeleg snill og visste ikkje kva godt ho kunne gjere for andre. Kom du på besøk var det om å gjere kva ho kunne få lage til deg. Ho laga mat fra botnen av; alt heimalaga. Og alt så skikkeleg og godt. Noko av hennar spesialitetar på kjøkenet var å bake lefser; både tjukklefser og bløytelefser.

Mange parallellar kan trekkjast mellom bestemor og vår kjære, tante Anlaug. Det same gode lynnet, lett på låtten, og ei husmor av det mange vil sei er av den gamle sorten. Tante har ført tradisjonenen med lefsebaking med seg, og om mogleg smakar dei like godt som bestemor sine.

Tante og onkel har hytte like ved sida av huset vårt og det fyrste dei gjer når dei kjem til Austevoll er å ta opp lefser frå frysaren som dei kosar seg med etter dei har kome seg på plass i hytta. Utrulig koseleg med ein slik tradisjon. Tante bakar til stødt og stadighet og i somar hadde ho blandt anna nokre av barnebarna i lære, då dei bakte lefser ute på terrassen. Tenk deg kor kjekt! Mannen her i huset er særs begeistra for tante sine lefser og eg mistenkjer han å dikte seg opp eit ærend for å ta seg ein tur bort på hytta i håp om at han kanskje er så heldig å få servert deilige lefser ;o)

Eg har hatt heise lyst til å lære meg å bake bestemor og tante sine lefser og heldigvis er ikkje tante Anlaug vanskeleg å be. Ho tilbydde seg å kome bort på kjøkenet vårt for å gje meg ein leksjon i lefsebaking. Med forklede og kjevle i handa trappa ho opp og eg kan lova deg at samtlige i huset verdsatte hennar selskap. Mannen min som hadde vore på makrellfiske natta før, smilte nærast frå øyre til øyre, då han stod opp i 1400 tida og kom ned på kjøkenet til nysteikte, gode tjukklefser! Ungane som kom heim frå skule og barnehage reflekterte ikkje over at det ikkje var middag på bordet, for dette hadde ikkje dei opplevd før. Tjukklefse, mørlefse, vestlandslefse..... kjært barn har mange namn, falt så absolutt i smak her i heimen og må nok prøvast igjen.


Ingrediensar

200 g smør
250 g sirup
1 l kefir
1 boks lettrømme
2 kg kveitemjøl (held igjen 1/10 til utkjevling)
2 ts natron
1 ts hornsalt
1 ts bakepulver
1 1/2 kopp sukker


Dette er ei dobbel oppskrift og kan med fordel halverast. Frå me byrja å lage deigen, til lefsene var ferdig steikte, tok det ca. 2 timar. Då med ei erfaren dame "bak spakane" :)




Smelt smør og sirup på låg varme. Avkjøl.




Bland kefir og rømme saman i ein bakebolle. Tilsett natron, hornsalt og bakepulver.




Mål opp sukker i kopp og ha i røra.




Ha i smelta smør og sirup og rør saman. 




Rør inn kveitemjøl. I byrjinga kan du bruke handvisp.




Bruk deretter eit betre reiskap; ei sleiv t.d. Held igjen ca 1/10 av mjølet. I vårt tilfelle blei det 200 g, sidan me laga dobbel deig. Resten av mjølet brukar du til utkjevling. 





Deigen skal være litt klissete. Dryss litt mjøl over før du sett den til kvile. 





Dekk bollen med eit klede og la den stå i ca. 15 minutter.





Ha deigen på bordet og form den til ei pølse.




Del like emner og form dei til bollar, gjerne med litt kveitemjøl dersom deigen er litt klissete.




Du kan vege emnene dersom du ynskjer å ha dei nøyaktig like store.




Kjevle ut til lefser. Ha godt med mjøl på bordet og bruk til dømes ein flat steikespade til å snu lefsene med. Eg kan lova deg at det er få som har så dreis på kjevlet som tante Anlaug :) 




Dersom du ynskjer at lesene skal ha "perfekt" fasong ved at dei er like runde, trykkjer du til dømes eit pannelokk over lefsa når den er ferdig kjevla. Eg tykte at dette var ein kjemepelur måte å skjule mine ellers så ujamne lefser, i forhold til tante sine ;)  Ta vekk "overskotsdeig"og legg det til sida.    





Rund og fin lefse klar til steiking.




Steik lefsene på steiketakke. Me hadde på styrke "6" medan me steikte. 




 Steik lefsene til dei er gyldenbrune, snu dei og steik dei på same måte.




Ha eit handklede over ei rist og avkjøl lefsene på rista. 

Lefsene smakar nydeleg med smør og sirup eller sukker og evnt. kanel.



8 kommentarer:

  1. Disse lefsene såg riktig så gode ut! Kan de fryses?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Ja, lefsene går fint an å fryse :)

      Slett
  2. Æ fikk vann i munnen no. Bestemor sine lefsa va verdens beste:) Glad for at tante Anlaug har videreført dæm tradisjonsrike lefsan:) Kanskje æ ska ta turen fra trøndelag og få opplæring æ å;)Klæm fra Anette!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ingen dum ide, Anette! Du er i alle fall velkommen til Austevoll :) Dumt at me ikkje fekk sett dykk på Fiskerimessa. Håpar dykk snart tar turen sørover :)

      Slett
  3. Nam! Eg trur eg må kjøpa meg takka og laga bestemor sine lefser snart. Takk for oppskrift!

    SvarSlett
  4. Hei :-)

    Lurer på om det kan bli vellykket å steke i ovnen også?

    Hilsen Tanja

    SvarSlett
  5. Kjempegode lefser,skal til med ein porsjon til i dag.Gi vekk til gode VENINNE

    SvarSlett
  6. Et spørsmål,hvor mye sukker er det?det står 1 1/2 kopp sukker...

    SvarSlett

Så kjekt at nettopp du tok turen innom bloggen vår. Håpar du finn noko godt å lage:) Me blir veldig glad om du legger igjen ein kommentar til oss:)